
| Født: |
1914 |
|
Død: |
1988 |
|
Bosted: |
Skjåk |
|
Jan-Magnus Bruheim
Jan Magnus Bruheim gav ut nær 40 bøker gjennom om lag like mange
år. Han budde i Skjåk heile livet, med unntak av nokre år på vestlandet.
Han arbeidde heime på gården og som lærar før han vart forfattar på
heiltid. Han debuterte 27 år gamal med diktsamlinga "Stengd dør"
som handla om kjærleikslengt og einsemd. I seinare bøker vart diktninga
meir prega av eit sterkt samfunnsengasjement og kampen mellom godt og vondt.
Han var naturvernar, han var aktiv i fredsarbeid og arbeid mot atomvåpen.
Bruheim skreiv mest lyrikk og barnebøker. Han skreiv også ein roman
"Broren", og var flittig skribent i aviser og blad. Bruheim fekk
ei rekkje prisar og premier for barnebøkene sine, mellom anna Kyrkje- og
undervisningsdepartementet si premiering. Han vart og tildelt Doblougprisen,
Sunnmørsprisen og Kulturprisen for Gudbrandsdal. (Kilde:
"Årsmelding frå Lom og Skjåk Sparebank, 2001")
Finn bøker av Jan Magnus Bruheim ved
Bibliotekene i Oppland
Representert i:
- "11 nordiske børnebogsforfattere", København, 1979
- "Litteratur : Lyrikk : D". Gyldendal, 1978
Priser:
Sunnmørsprisen - 1954
|