Forfatternett Oppland
   



 
Født: 1951
Yrke: Journalist/forfattar
Adresse: Lillehammer 
Telefon: 61 25 60 24
E-post: mbruhei@online.no

Magnhild Bruheim 


Eg er fødd og oppvaksen i Skjåk i Gudbrandsdalen, men har budd om lag tjue år i Oslo, og på Lillehammer sidan 1995.

Eg har alltid likt å skrive, og vart inspirert av at eg hadde ein onkel som var diktar (Jan Magnus Bruheim). Men det vart inga bok før i 1997. Debutboka "Varselet" tar utgangspunkt i skremmande ting frå min eigen oppvekst i Skjåk i sekstiåra. Derfor syntest eg krimsjangeren passa godt for å fortelja den historia. Og den eine krimboka gav meg lyst til å skrive fleire.

Sidan 1986 har eg arbeidd som journalist i NRK, først i Oslo, seinare i Lillehammer. Eg har arbeidd med nyheiter, kultur - og samfunnsprogram. I 2000 sa eg opp den faste stillinga, for å kunne bruke meir tid til skriving. Arbeider som frilansjournalist når eg har tid.  



Finn bøker av Magnhild Bruheim ved Bibliotekene i Oppland


Bibliografi:

  • "Varselet". Samlaget, 1997. (spenningsroman)
  • "Maskerade". Samlaget, 1999 (krimroman)
  • "Utan englevakt" . Samlaget, 2000.(krimroman)
  • "Lykkeland. Minne frå slagerbøkene" 
     skriven saman med Sissel Bjørgan. Samlaget,  2001.
  • "Svart Arv". Samlaget, 2001. (krimroman)
  • "Dragsug". Samlaget, 2002. (krimroman) 
  • "Ny melding" . Samlaget, 2003. (krimroman)
  • "Matminne frå Gudbrandsdalen". Samlaget, 2004
  • "Trolldomskraft". Samlaget, 2005. (roman)
  • "Venneringen". Samlaget, 2007. (spenningsroman)
  • "Nattskrik". Samlaget, 2008
  • "På flukt". Samlaget, 2010
  • "Det som ein gong var". Samlaget, 2010

Representert i:

  • "Norske landskap". Wigestrand, 2004

Anmeldelser og artikler:

Samlaget om Magnhild Bruheim
Norsk forfattersentrum om Magnhild Bruheim


 
Forfatternett Oppland er laget av Oppland fylkesbibliotek i nært samarbeid med Oppland forfatterlag og de enkelte forfatterne.
Forfatternett Oppland vedlikeholdes av Oppland fylkesbibliotek.