![]() |
|||||||||||||
|
|
Arnfinn EngenEg er født og oppvaksen på Dombås, studerte ved Universitetet i Oslo i perioden 1966-73, og er cand. philol. med faga sosiologi, norsk og historie hovudfag (hovudoppgave om den norske utvandringa til Amerika). Av yrkeserfaring kan nemnast at eg har vore amanuensis i historie ved Høgskolen i Bodø (1974-77) og på høgskolen på Lillehammer (1980), forskar på Maihaugen på tema om husmannsvesenet (1977-80), leiar for Opplandsarkivet (1981), fylkeskonservator i Oppland (1981-97), fungerte som fylkeskultursjef ein del av denne perioden (1993-94), rådgjevar i kulturminnevern i NORAD (1997-2000). Eg har nå slutta i fast stilling for å kunne drive med skriving og meir prosjektretta arbeid. For tida arbeider eg med ein fylkesdelplan for kulturminnevern i Oppland, og med ei utgreiing om Hedmark Museumsråd. Dessutan har eg nyleg starta opp arbeidet med eit lokalhistorieverk for Dovre som fram til 2005 er planlagt i fire bind. Eg skal elles til hausten starte arbeidet med ein biografi om grunnleggaren av Maihaugen, Anders Sandvig (med stipend frå NFF). Eg har elles arbeidd mykje med historisk og kulturhistorisk materiale, og skrive ei rekke artiklar frå desse tema, både nasjonalt og lokalt. Sidan 1985 har eg vore medlem i Norsk Kulturråd, først som varamedlem i to periodar (1985-92), og så som fast medlem frå 1993, og er nyleg oppnemnd på ny fram til 2004. Eg har heile tida vore fast medlem i fagutvalet for kulturvern, og vore leiar der frå 1997. Som forfattar er det først og fremst faglitterært stoff eg arbeider med, og er opptatt av å formidle spennande kulturhistorie som er bakgrunn for dei nære tinga i kvardagen.
Finn bøker av Arnfinn Engen ved Bibliotekene i Oppland Bibliografi:
Annet:Redaktør for" Årbok for Gudbrandsdalen" 2001-2006, medredaktør i "Bygdabok
for Dovre, band 1-4", og bidragsyter i flere lokale hefter, rapporter og
bøker. |
||||||||||||
|
Forfatternett Oppland er laget av Oppland fylkesbibliotek i nært samarbeid
med Oppland forfatterlag og de enkelte forfatterne. Forfatternett Oppland vedlikeholdes av Oppland fylkesbibliotek. |
|||||||||||||