Forfatternett Oppland
   

Jul Haganæs

 

Født: 1932
Yrke: Forfattar
Adresse: Aurdal
Telefon: 61 36 53 28

Jul Haganæs

Jul Haganæs er frå Aurdal i Valdres der han vart fødd i 1932. Han debuterte som lyrikar i 1965. "Stein under fuglefot" som kom hausten 2000, er den 12. diktsamlinga hans. For "Mørkegangsdalen" som kom i 1987, fekk han Sunnmørsprisen.

I 1979 kom eit utval av dikta til Haganæs ut på Island, i omdiktning av Gudmundur Danielsson. Den finske lyrikaren Maj-Lis Holmberg har sett om dikt av Haganæs både til finsk og svensk, og den polske lyrikaren Jerzy Wielunski har omsett og publisert dikt av han i heimlandet sitt.

Haganæs har også skrive fleire dokumentarbøker. Den mest kjende av desse er truleg boka om Knut Hamsun og Aurdal, som kom i 1982 og fekk mange lovord av kritikarane. Mellom prosabøkene til Haganæs er elles biografiar om forfattarane Sigurd Lybeck og Ola Viker.

Haganæs har fått Nord-Aurdal kommunes kulturpris og kulturprisen som Aurdal og Sørskogen Arbeiderlag deler ut. 

Priser:

1987 - Sunnmørsprisen



Finn bøker av Jul Haganæs ved Bibliotekene i Oppland


Bibliografi:

  • Aprilnetter, dikt, 1965.
  • Og dagane draup, dikt, 1967.
  • Vindskag, dikt, 1970.
  • Signal til vengene, dikt, 1972.
  • Nyper i frost, dikt, 1973.
  • Berget i spegelen, dikt, 1975.
  • Skriuland, dikt, 1978.
  • Brennefang til bålet, dikt, 1979.
  • Takrennan syngur. Dikt i utvalg og omdiktning til islandsk ved Gudmundur Danielsson. Reykjavik 1979.
  • Strået ved jarnvegen, dikt, 1981.
  • Nu god Nat min Ven. På Hamsuns gjengrodde stier i Aurdal, 1982.
  • Slekt skal følge. Om Dieserud-folket fra Aurdal, 1983.
  • Om det koster deg livet. Fra krigens dager i Valdres, 1985.
  • Kurer for frihet. Historien om Bjarne Holth-Larsen, 1986.
  • Mørkegangsdalen, dikt, 1987.
  • Flygerne fra Piltingsrud. En beretning om uredde valdriser, 1988.
  • En folkets forteller. Sigurd Lybeck, etnedølen som skapte Bustenskjold, 1989.
  • Dikteren ved dommerbordet. Et portrett av Ola Viker, 1992.
  • Men ljoset finn veg, dikt, 1992.
  • På vingene for friheten. Flygeren Conrad Skjoldhammer, 1995.
  • Stein under fuglefot, dikt, 2000.
  • Lange Sander og andre noveller, 2002
  • Nattens bilder, dikt, 2004

Anmeldelser og artikler:

Bladet "Valdres" 25. januar 1980: Artikkel av Ivar Orgland: "Norsk lyrikk på islandsk. Gudmundur Danielsson presenterer diktaren Jul Haganæs".

Artikkel av Maj-Len Rönkä i tidsskriftet "Horisont" (Organ för svenska Österbottens litteraturförening): "Jul Haganæs - vill få noko til å dukke opp i sinnet".

Kronikk av Carl Fredrik Engelstad i Aftenposten 3. november 1982:"Med Knut Hamsun i Valdres". (Om "Nu god Nat min Ven" av Jul Haganæs.
 


 

 
Forfatternett Oppland er laget av Oppland fylkesbibliotek i nært samarbeid med Oppland forfatterlag og de enkelte forfatterne.
Forfatternett Oppland vedlikeholdes av Oppland fylkesbibliotek.