Forfatternett Oppland
 


© Norsk forfattersentrum

 
Født: 1924
Fødested: Sel
Bosted: Stjørdal

Ivar Haugen

Eg er opphavleg gudbrandsdøl, født i Sel i 1924. Men eg har budd i Trøndelag sia 1949. Dei siste 33 åra har eg budd i Stjørdal der eg har vore lærar ved Stjørdal tekniske fagskole i 22 år. Eg er utdanna ingeniør, men har praktisk erfaring frå jordbruk, skogbruk, fabrikk, verkstad, bygg og anlegg m.m.

Alle bøkene mine er på nynorsk utanom eitt avsnitt i "Før lauvet fell av" og barneboka som er skrivi på bokmål.

Dei fleste dikta i dei tre første diktsamlingene mine er for det meste stutte prosadikt og handlar om sosiale og politiske tilhøve i den tida eg har levd, og dessutan om sjølve livet slik det til vanleg artar seg for oss alle etter kvart "som åra går". I denne boka, "Som åra går", handlar dikta om menneskelivet knytta til livet i naturen slik denne endrar seg gjennom eit år. Her er det og teke med nokre dikt frå dei tre andre samlingane.


(kilde: Norsk forfattersentrum)



Finn bøker av Ivar Haugen ved Bibliotekene i Oppland


Bibliografi:

  • "August-dikt". Noreg, 1974. (Dikt)
  • "Jeg traff en liten gutt". Snøfugl, 1978
  • "Lauv under grantre". Snøfugl, 1979. (Dikt)
  • "Mørketid". Arbeidern forlag, 1983. (Dikt)
  • "Som åra går". Sollia, 1993
  • "Årringar:eit festskrift til skogane". Sollia, 1994
  • "Før lauvet fell av". Stjørdalen blad, 2002
  • "Bureisarar". Dølaringen, 2002
  • "Heimslege dikt og andre tekstar". Dølaringen, 2005. (Dikt)
  • "Hausttakkedikt". Dølaringen, 2007

Lenker:

Norsk forfattersentrum



 
Forfatternett Oppland er laget av Oppland fylkesbibliotek i nært samarbeid med Oppland forfatterlag og de enkelte forfatterne.
Forfatternett Oppland vedlikeholdes av Oppland fylkesbibliotek.