![]() |
|||||||||||
![]() ©Tove K. Breistein
|
Ragnhild KoldenEg er fødd og oppvaksen i Bøverdalen i Lom. Har "alltid" skrivi dikt, og hatt fleire på trykk i lokalaviser o.l. opp gjennom åra. Debuterte i bokform i godt vaksen alder - 45 år. Er universitetsutdanna i filosofi, sosialantropologi, psykologi og kristendomskunnskap. Skriv mykje om omgrepet tid - prøver å klargjera gjennom "trivielle" fenomen som aldring, slekt, natur osv. Er facinert av tid som tema innanfor filosofi - t.d. hjå Henri Bergson. Jobbar best ved kjøkkenbordet eller på kafé - skriv mange utkast før eit dikt blir finslipt og ferdig. Prøver å la dikta spegle bakgrunnen min som Bøverdøl - dei skal vera ordknappe, unngå dei store "kjensleorda" (som t.d. "elske"), og helst vera tvetydige. I det heile teke er gudbrandsdølen si utrykksform det litterære førebiletet mitt. Av forfattarar er eg svært begeistra for Jon Fosse, Tor Ulven, Jan Magnus Bruheim, Tarjei Vesaas og Gunvor Hofmo innanfor den norske prosaen og lyrikken. Elles les eg svært mykje, og har mange favorittar utan at nokon av dei er førebilete. Eg er svært oppteken av at nynorsken skal edlast og brukast, og blir oppgjeven over at kommuner som tradisjonelt er nynorskkommunar er på gli bort frå det naturlege språket sitt. Samstundes er eg glad for at lokalaviser som "Fjuken" i Lom held stand - dei er framifrå språkrøktarar og spelar ei stor rolle for identiteten til bygdekulturen, trur eg. For tida skriv eg på eit nytt manuskript som kanskje kjem i bokform med tida - eg prøver meg på prosa, men veit ikkje om det blir novelle eller roman av det til slut. Finn bøker av Ragnhild Kolden ved Bibliotekene i Oppland
Bibliografi:
|
||||||||||
|
Forfatternett Oppland er laget av Oppland fylkesbibliotek i nært
samarbeid med Oppland forfatterlag og de enkelte forfatterne. Forfatternett Oppland vedlikeholdes av Oppland fylkesbibliotek. |
|||||||||||