![]() |
|||||||
![]()
|
Tore ØrjasæterDet var eigentleg bonde lærarsonen Tore Ørjasæter ville bli, men sjukdom i ungdomen gjorde at han måtte gje opp dette. Han tok folkehøgskule og lærarskule som han ikkje fullførte. Han busette seg i Øyer i 1921 og stifta familie der, men var mykje på heimstaden i Bråtå. Ørjasæter debuterte som forfattar i 1908 og gav ut i alt 12 diktsamlingar, fire drama, ein roman og to reiseskildringar. Det var med "Gudbrand Langleite" i 1913 at Ørjasæter verkeleg fekk påskjønning som forfattar. Ørjasæter omarbeidde boka saman med oppfølgjarane "Bru-millom" og "Skuggen" til ei bok, denne er rekna som eit av hovudverka i norsk dikting på 1900-talet. Han skreiv også drama og var med på å fornye norsk teater etter ein tung Ibsen-periode. Det meste av diktinga til Tore Ørjasæter har bakgrunn i det gamle ættesamfunnet, som på slutten av 1800-tallet var i oppløysing. Denne oppløysinga skapte problem både for bygdesamfunnet generelt og Ørjasæter spesielt. Eit av skodespela Tore Ørjasæter skreiv, "Jo Gjende", omhandlar ein bygdeoriginal - eit menneske mange hevdar Ørjasæter kjende seg i slekt med på mange måter - og ei historie som omhandlar Ørjasæter sitt eige forhold til bygda og ætta. (Kilde: Årsmelding for Lom og Skjåk sparebank 2001) Finn bøker av Tore Ørjasæter ved Bibliotekene i Oppland Representert i:
Bøker om Tore Ørjasæter:
Priser:1967 - Melsom-prisenLenker: | ||||||
|
Forfatternett Oppland er laget av Oppland fylkesbibliotek i nært
samarbeid med Oppland forfatterlag og de enkelte forfatterne. Forfatternett Oppland vedlikeholdes av Oppland fylkesbibliotek. |
|||||||