Forfatternett Oppland
   

 

Født: 1885
Død: 1960
Bosted: Skjåk

Olav Øygard

Olav Øygard, fødd i Skjåk i 1885, var gardbrukar, hotelleigar og politikar i Skjåk. Han var ordførar for Arbeiderdemokratane/Radikale folkeparti i Skjåk i to valperiodar i mellomkrigstida, og han var også med i styret for Skjåk Almenning.

Øygard skreiv i sin ungdom mange dikt, og nokre av dei vart publisert i aviser og tidsskrift. Bureisarhyllesten "Me bryt og me plantar" ("Onn") er med i fleire songbøker. Dikta til Olav Øygard fortener å bli kjende for oss som lever i dag og kjem her for fyrste gong i bokform.

I tillegg til kommunepolitikken og ålmenningsstyret hadde Øygard mange andre tillitsverv og ombod i bygda, mellom anna i forliksrådet, i Skjåk felleslag og anna. Han var også i ei tid leiar i Skjåk historielag og skreiv gjennom åra ein god del lokalhistorie, mellom anna ei rekkje artiklar og fleire dikt i Årbok for Gudbrandsdalen.



Finn bøker av Olav Øygard ved Bibliotekene i Oppland


Bibliografi:

  • "Vårsong : dikt i utval". 2010

   
Forfatternett Oppland er laget av Oppland fylkesbibliotek i nært samarbeid med Oppland forfatterlag og de enkelte forfatterne.
Forfatternett Oppland vedlikeholdes av Oppland fylkesbibliotek.