
| Født: |
1936 |
| Bosted: |
Skrautvål |
| Yrke: |
Journalist |
|
Olav Robøle
Det starta med at Øystre Slidre sparebank ville ha ei lita bok til markeringa
av 100-årsjubileet sitt i 1993. Året etter gjennomførde meierisamvirket i
Valdres eit tilsvarande jubileum på same måten. I 1997 fylgde så
Sør-Aurdal Energi opp med sitt 50-årsjubileum, og dermed ville ikkje
kraftleverandørane vera snauare. Dei fekk si bok om 90-års verksemd i 2001.
Men midt oppe i dette la Øystre Slidre kommune beslag på mykje tid. Der
skulle 150 års sjølvstendig eksistens markerast i 1999, og her vart det mykje
materiale å gripe fatt i.
Min eigen arbeidsgjevar, avisa "Valdres" hadde i 2003 lagt dei fyrste
hundre åra bak seg, og dette laut det bli bok av. For fyrste og siste gong
kunne normal arbeidstid brukast til slik syssel, i dei tre siste månadene fram
til jubileet og eigen overgang til pensjonsalderen våren 2003.
Fred og ro vart det likevel ikkje med dette. Snart melde ei bedrift i Vang,
Ryfoss Betong, seg for å få samla sine 50 års verksemd mellom to permer.
Valdres Pelsdyrlag ville ha sin aktivitet gjennom ei turbulent tid dokumentert,
og det same ville eit aktivt nybyggjarsamfunn i Øystre Slidre, Moane. Og no er
det altså sanitetskvinnene i Vestre Slidre som legg beslag på arbeidstida.
Det har dessutan vorte ein del småhefte for skyttarlag, motororganisasjon,
jeger- og fiskarforening og andre organisasjoner, utan at det er råd å
koma i hu alt i farta. Midt oppi dette er det forresten ei lita sak som vart
til ved eige initiativ. Sume av oss kom på at det burde reisast eit
minnesmerke over ein av dalens pionerar, doktoren og gründeren Knut Sig. Hovi.
Då fann eg ut at det var på plass med ein liten biografi for høvet.
Finn bøker av Olav Robøle ved
Bibliotekene i Oppland
Bibliografi:
- "Meierisamvirket i Valdres i 100 år : 1894-1994". Fosheim, 1994
(redaktør)
- "Langs landeveien i 75 år : sjåførveteraner erindrer".
Fagernes, 1995
- "Sør-Aurdal energi AL : 50 år: 1947-1997". Bagn, 1997
- "Trudvang skyttarlag 100 år : 1898-1998". Fagernes, 1998
- "Øystre Slidre 1849-1999". Øystre Slidre, 1999 (redaktør)
- "Over 90 år med strøm i Midt-Valdres". Fagernes, 2001
- "Ryfoss betong AS, 50 år : 1856-2006". Ryfoss, 2006
- "I hundre for medmenneske : Vestre Slidre sanitetsforening 100 år". 2010
|