|
Anne Sletten
Er fødd og oppvaksen i Bøverdalen i Lom. Kom til Folldal som fersk
lærar i 1957 og vart kjerring på ein sauegard og mor til 5. Driv no og tek
imot turistar på garden, saman med mannen min, og er bestemor til 10. 16
små dikt, samla gjennom 20 år, vart sette mellom to permar med fylgje av
eigne akvareller ved juletider i 2001 - etter mange oppmodingar. Tittelen
"Liv" har dobbel betydning. Glimt frå eige liv, og tankar ved
avskjeden med vår kjære syster Liv som gjekk bort frå oss ein
sommarmorgon 1999. I blant er det godt å få sett ord på det som rører
seg i sinnet, oftast kjem det heilt spontant, eg berre skriv det ned
Finn bøker av Anne Sletten ved
Bibliotekene i Oppland
Bibliografi:
|