Forfatternett Oppland
   



 
Født:  1898    
Død:  1984
Bosted:  Lom


Jo Turtumøygard

Jo Turtumøygard var lærar, dialektforskar og kulturarbeidar. Han la ned eit stort arbeid for bygdesamfunnet i Lom. Han kom frå ein folkeopplysningsheim, og både han og broren Oluf vart lærarar.

Han var hendt til mangt, han laga både båtar og langeleikar. Liksom broren Oluf dreiv han med kunstmåling, skreiv i Årbok for Gudbrandsdalen og var ivrig målmann. Han samla dialektord og leverte materiale til Norsk Ordbok.

Han skreiv i mange år dikt, og 72 år gamal gav han hausten 1970 ut diktsamlinga Jøkulen græt. Han var den eldste debutanten den hausten. I 1983 dekk Turtumøygard tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for livsverket sitt.

(kilde: Allkunne)



Finn bøker av Jo Turtumøygard ved Bibliotekene i Oppland


Bibliografi:

  • "Jøkulen græt : dikt". Fonna, 1970


 
Forfatternett Oppland er laget av Oppland fylkesbibliotek i nært samarbeid med Oppland forfatterlag og de enkelte forfatterne.
Forfatternett Oppland vedlikeholdes av Oppland fylkesbibliotek.