Forfatternett Oppland
   
 

  
   
 
Født  1795  
Død:  1877
Bosted:  Valdres



Andris Vang


Andris Eivindsson Vang var ein merkeleg mann som syntes å vere langt framføre si tid. Han var ein evnerik kar som samla seg stor kunnskap, og han hadde sans for det verdfulle i den heimlege bygdekulturen. Han tok til å skrive opp tradisjonar, folkeminne og eventyr, og han skreiv det  bygdemålet sitt som den første her i landet, lenge før Ivar Aasen stod fram.
Gamle Reglo aa Rispo ifraa Valdres kom i 1850, tre år før Ivar Aasen gav ut Prøver av Landsmåålet i Norge. Vang var også den første, såvidt vi veit, som nytta Valdresmålet i skrift, bortsett frå eit par eksperiment av Wergeland. Bryllupsskikke kom i 1870. Der hadde han også ein liten sjøvbiografi Kort udsigt over en skolelærers levnedsløb. Men vi veit at Vang hadde samla og skrivi mykje meir enn dette. Noko kom bort under vandring frå mann til mann av dei som skulle hjelpe til med utgjeving. Litt er funne att i samlingane åt Moltke Moe, og noko gav I.E. Nilesen ut under titelen Segner frå Valdres. Det vart O.K.Ødegaard som i 195 gav ut ei samla utgåve av skriftene hans under titelen: Frå Valdres - Bryllapusskikkji, regglo aa rispo, seigne o eventy-

(kilde: Vest-Oppland og Valdres, By og bygd i Norge, 1982)



Finn bøker av Andris Vang ved Bibliotekene i Oppland


Bibliografi:

  • "Game reglo aa rispo, 1850
  • "Bryllupsskikke", 1870


 
Forfatternett Oppland er laget av Oppland fylkesbibliotek i nært samarbeid med Oppland forfatterlag og de enkelte forfatterne.
Forfatternett Oppland vedlikeholdes av Oppland fylkesbibliotek.